Herodot: Historie

Du kan lese meir om Herodot på side 80 i læreboka. Ein kort introduksjon her: 

  • Historikar frå Jonia. Vil fortelje om føresetnadene for persarkrigane. Vil vise kvifor grekarane, dei rettferdige, måtte vinne krigen.
  • Grekarane: fridom, individualitet og sjølvstyring
  • Persarane: kollektivisme og despoti
  • Krigen var vunnen da Herodot skreiv om han. Skravlar om laust og fast. Blandar ofte mytar og faktiske hendingar. Skriv etter innfallsmetoden. Inga logisk drøfting. Strammar seg likevel opp igjen, etter å ha teke nokre avstikkarar. Kjem tilbake til ein slags raud tråd.
  • Ein slags orden og kritisk historieskriving. Ulike former for forklaringar: sjølvsyn – slutningar og vurderingar – samtalar – tradisjonelle overleveringar. Dei første typane forklaringar er dei mest truverdige.
  • Herodots Historie fortel om korleis grekarane nedkjempa despotiet og ufridommen. Sjølvbiletet til grekarane er svært sjølvgodt. Kampen mot den felles fienden samla dei ulike bystatane og gav ei kjensle av å vere noko spesielt. Nasjonalkjensla batt dei saman, trass i sterke indre konfliktar.
  • Slaget ved Marathon 490 (Xerxes sin far kong Darius).
Kjelde: Trond Berg Eriksen: Undringens labyrinter 1994

Oppgåve

 

1 Kva handlar Herodots Historie om?

2 Kven var Leonidas, og korleis kom han til makta?

3 Korleis reagerte grekarane på trusselen frå Xerxes?

4 Kva skjedde ved Thermopylane?

5 Kva gjorde Efialtes?

6 Korleis blei den overlevande Aristodemos teken imot da han kom heim til Sparta og fortalde om utfallet av slaget?

7 Korleis vil du skildre måten Herodot skriv og argumenterer på? Korleis underbyggjer han påstandane sine? Korleis strukturerer han stoffet sitt?

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 22.04.2010

© Cappelen Damm AS