Striden mellom pave og keisar

Her er eit større kjeldebasert opplegg om striden mellom pave og keisar, det vil seie mellom kyrkja og staten, i mellomalderen. Du kan lese meir om konflikten på side 191-195 og side 210-215 i læreboka. 

Nedanfor finn du nokre fleire viktige historiske kjelder som medverka til striden. Du finn også ein artikkel av John Olav Egeland (Dagbladet) der saka blir ført heilt fram til vår eiga tid.

 

Oppgåve

 

  1. Les kjeldene nedanfor. Lag eit kort resymé av kvar tekst.
  2. Kva fortel kjeldene om striden mellom pave og keisar i mellomalderen?
  3. Er det nokon samanheng mellom dei store verka til Augustin og debatten mellom pave og keisar i mellomalderen?
  4. Verket til Augustin om Gudsstaten er skrive fleire hundre år før striden mellom pave og keisar spissa seg til. I kva grad kan filosofiske tekstar påverke den historiske utviklinga?
  5. Kvifor meiner fleire av kritikarane av paven at han må halde seg unna innblanding i verdslege saker?
  6. Kva har striden mellom pave og keisar hatt å seie for den politiske tenkinga i Vest-Europa?
  7. I dagens Noreg har regjeringa og kongen framleis mynde til å setje inn nye biskopar. Kvifor er det slik? Bør staten ha ei slik makt, eller burde kyrkja sjølv avgjere kven som skal ha slike embete? Set opp argument for og imot statleg styring eller kyrkjeleg sjølvstyre.
  8. Les om den føreståande grunnlovsendringa om forholdet mellom kyrkje og stat. Kva kjem til å skje?
  9. Les artikkelen av John Olav Egeland. Kva sak tek han utgangspunkt i, og kva orskurd ("kjennelse") har retten komme til?
  10. Kvifor er saka så brennbar?
  11. I kva grad bør staten, etter di meining, regulere trussamfunna sine verdiar og ordningar? Kor langt bør religionsfridommen få gå?

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 20.08.2018

© Cappelen Damm AS