Samandrag

Perioden mellom renessansen og romantikken (slutten av 1600-talet–ca. 1800) blir kalla opplysingstida. Trua på fridom, fornuft og framskritt var karakteristisk for epoken. Opplysingsmennene var opptekne av å kartleggje verda og å spreie ny kunnskap. Dei gjekk til kamp mot overtru og tradisjonar som ikkje kunne forklarast rasjonelt. Ved å avsløre det ufornuftige skulle verda bli ein betre stad å leve.

Den nye vitskapen var ei viktig drivkraft. Eksperiment og systematiske undersøkingar gav ny innsikt i korleis naturen fungerte. På grunnlag av denne kunnskapen skulle naturkreftene kontrollerast og livsvilkåra til mennesket betrast. Den britiske vitskapsmannen Isaac Newton summerte det mekanistiske verdsbiletet gjennom fire naturlover. Ein forstod universet på same måten som eit digert urverk som fungerte utmerkt på eiga hand.

Naturvitskapen endra også synet på mennesket. Ikkje berre universet, men også menneskekroppen blei sett på som ei maskin som var bunden av naturlover. Disseksjonar gjorde det mogleg med systematiske undersøkingar av innsida av kroppen. Den nye tilnærminga reiste også spørsmål om forholdet ånd og materie. Var mennesket noko meir enn ein fysisk skapning på lik linje med alt anna i naturen? Dersom kroppen var styrt av naturlover, kva da med menneskeånda? I kva grad var fridom mogleg?

Teknikk og oppfinningar bidrog også til framskrittet. Mikroskopet opna ei heilt ny verd som mennesket tidlegare ikkje hadde kunna sjå. Det var viktig for legevitskapen og utviklinga av medisinen. Kronometeret var avgjerande for meir presis navigasjon på havet. Den mest epokegjerande oppfinninga var likevel dampmaskina. Med ho frigjorde menneska enorme mengder energi som kunne brukast til å drive fabrikkar, lokomotiv og skip.

Det mest sentrale filosofiske temaet i opplysingstida var spørsmålet om korleis kunnskap oppstod og kva kunnskap eigentleg var. Kunne mennesket vite noko sikkert om røynda, eller måtte det nøye seg med sannsynlege sanningar? Dei såkalla empiristane gjekk langt i å hevde det siste, men fekk samtidig svar frå den viktigaste filosofen i epoken, Immanuel Kant. Han meinte at vi kan seie noko sikkert om røynda slik ho trer fram for oss. Den ”eigentlege” røynda kan vi derimot aldri seie noko om.

Opplysingstida var også ein avgjerande periode for den moderne politiske tenkinga. Eineveldet som styreform fekk konkurranse frå demokratiske idear. Førestellinga om at alle menneske var fødde med naturlege rettar, sette enkeltindividet i sentrum på ein heilt annan måte enn før. Tanken om fridom, likskap og grunnleggjande rettar pressa fram store endringar i dei politiske systema i Amerika og Europa.

Mot slutten av 1700-talet glei opplysingstida over i romantikken. Ikkje alle var like overtydde om at utviklinga berre førte til framskritt. Opplysinga hadde også negative konsekvensar. Maskina trua med å ta kontrollen frå menneska. Den politiske revolusjonen i Frankrike enda i blodbad og viste kva som kunne skje når endringane skjedde for raskt. Kor viktig fornufta var, var kanskje overdrive, og kjenslene til menneska var noko ein måtte ta meir på alvor. Førestellinga om at alle var fødde like, var heller ikkje sjølvsagt og fekk konkurranse frå ein motsett tanke: Alle var fødde ulike. Romantikken innbar ei ny forståing for kulturforskjellar og var ein viktig opptakt til den store interessa for nasjonal eigenart på 1800-talet.

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 23.04.2010

© Cappelen Damm AS